Om Lovise Hytte

Følg oss på

E-post: belekj@gmail.com

LOVISE HYTTE

BERGVERKSHISTORIE I ALVDAL

Om Lovise Hytte


1656  Det Elvedalske verk


Ein mann med namnet Jørgen Brandt fekk mutingsbrev, det vil seie løyve til å ta ut malm, på ei koparåre i Baugsberget på 1600-talet. Det vart opna gruver i Baugsberget og ved Sølna vart det bygd ei smeltehytte for kopar. Malmen i Baugsberget var for fattig til at den var drivverdig og drifta vart stansa alt kring midten av 1680-åra.


1748  Lovise hytte


Kring 1745 vart det funne malm i Folldal. Det vart diskusjon mellom Fredriksgaves Verk (Selsverket) i Gudbrandsdalen og Fådalsverket om kven som hadde rett til denne malmen. Etter mekling slo partisipantane (eigarane) i dei to verka kuxane sine saman i Fredriks Gaves koparverk, betre kjend som Folldal Verk. Ei ny smeltehytte vart bygd ved Sølna på tuftene etter hytta til Det Elvedalske verk, Lovise hytte, oppkalla etter dronning Louise. Lovise hytte var utgangspunktet for verkets cirkumferens (interesseområde). Grenda som vaks til rundt hytta, Plassen, vart sentrum i Lille-Elvedalen (Alvdal). Talet på buplassar auka frå 2 til rundt 50.


Frå 1748 til 1764 produserte Fredriksgaves Verk om lag 1300 tonn reint kopar. Transporten til og frå hytta telte 117 lass pr dag frå november til april. Rekna etter ein arbeidsdag på ti timar blir det eitt lass pr femte minutt.


1826  Nye eigarar


Kring hundreårsskiftet 1700-1800 gjekk verket dårleg. I 1826 vart Fredriksgaves Verk selt til Røros Koparverk for 1250 spd.


I 1848 avslutta Røros Koparverk gruvedrifta i Folldal, men fortsette å drive Lovise Hytte der dei smelta malm frå gruvene på Storwartz (Røros).


1879 Ein epoke er over


Smeltehytter var særs utsette for brann og Lovise Hytte hadde brent fleire gonger i si brukstid, men hadde alltid vorte bygd opp att. Men i 1879 hadde ting endra seg. Rørosbana opna i 1877 og med den vart det enkelt og lønsamt å kjøpe koks til brensel. Rørosverket hadde vorte uavhengige av trekol, Lovise Hytte var ikkje lenger drivverdig. Etter den siste brannen i 1879 var tida for bergverksdrift på Plassen over.


1916 Ny utnytting av vasskrafta i Sølna


Alvdal Elektrisitetsverk. Bygging vedteke av heradsstyret i 1914, ferdigstilt sommaren 1916. Anlegget vart skada i brann i 1948 og totalrenovert. Noko av utstyret frå 1916 er framleis i bruk.


2016 Sølna Kraftverk


Østerdalen Kraftproduksjon (ØKAS) fekk konsesjon på utbygging av Sølna Kraftverk i 2013, arbeidet med ny dam og kraftstasjon starta våren 2015. Arkitektonisk framtoning er vektlagt da kraftstasjonen ligg i nærleiken av Lovise Hytte. Det nye anlegget vil produsere om lag 15,5 GWh årleg, tilsvarande straumforbruket til om lag 775 husstandar.

Gruvene i Folldal vart overtatt av Folldalen Interessentskap, eit lite aksjeselskap eigd av østerdølar, m.a. Melchior Tangen (Tynset), Morten Mortenson (Alvdal), Nils Haarseth (Rendalen), Helge Væringsaasen (Elverum).


Folldalen Interessentskap bygde si eiga smeltehytte i Sølna, på Kvernhusøyens grunn, truleg om lag der den gamle Sølndammen ligg i dag.


Lille-Elvedalens hytte var i drift frå omkring 1850 til 1877, så i denne perioden var det to smeltehytter side om side i Sølna.

Opphavsrett 2018 @ Alle rettigheter forbeholdt.